Når starten er god ... artiklar på nettet
Korleis legge til rette for nyutdanna lærarar i deira første jobb? I programmet "Veiledning av nyutdannede lærere" er det skrive 15 artiklar som kastar lys over dette temaet. Sju artiklar er samla i boka "Når starten er god …" Dei åtte andre artiklane er publiserte i nettversjonar og kan lastast ned frå denne sida.
Målgruppa for artiklane er skole- og barnehageeigarar, skole- og barnehageleiarar, lærarutdannarar, forskarar, nyutdanna lærarar og rettleiarar.
Utdanningsdirektoratet håpar artiklane inspirerer og motiverer til vidare arbeid med å rettleie nyutdanna lærarar i deira første år i skolen.
Programmet Veiledning av nye lærere er støtta av Utdanningsdirektoratet og har vore i gang sidan 1998. I skoleåret 2007-2008 deltar alle fylka saman med 24 universitet og høgskolar, og i alt får 820 lærarar rettleiing dette skoleåret.
Om ikkje boka er komen til skolen, kan ho lastast ned her: